Lånereglar

Lånerett

Det er gratis å låne bøker og anna materiale på biblioteket.

 

Lånekort

  • Alle som har fast bustad i Noreg kan få lånekort.
  • Er du over 15 år må du vise gyldig legitimasjon.
  • Barn må ha byrja i 1. klasse for å få eige lånekort, og barn og unge under 15 år må ha underskrift frå føresett. Ungdom mellom 15 og 18 år må oppgje namn på føresett.
  • Institusjonar blir registrert på namnet til institusjonen med tilknytt ansvarsperson.
  • Lånarar kan få felles (nasjonalt) lånekort som òg kan nyttast i andre norske bibliotek.
  • Tap av lånekortet må du straks melde til biblioteket.
  • Ved tapt/mista lånekort kan du få nytt kort mot gebyr.
  • Ta alltid med lånekortet når du skal låne og la ikkje andre låne ditt kort.

 

Personvern

Sunndal folkebibliotek handsamar personopplysingar i samsvar med personopplysingslova og GDPR, EUs personvernforordning.

Personvernerklæring

 

Lånetid og fornying

Du kan sjå standard lånetider og fornyingar i tabellen nedanfor.

Materiale som er utlånt kan du reservere.

Materiale som Sunndal folkebibliotek ikkje har, kan du som regel tinge frå andre bibliotek i Noreg (fjernlån).

Lånetid og fornyingar
Materialtype Standard lånetid Fornyingar
Bøker og lydbøker 4 veker 3
Tidsskrift, filmar og spel 2 veker 3
PS4 2 veker 0
Fjernlån Fristane til eigarbiblioteket Sjå reglane til eigarbiblioteket

 

Ansvar

  • Som lånar er du ansvarleg for alt materiale som blir lånt på ditt kort.
  • Som føresett er du ansvarleg for låna til ditt/dine barn.
  • Tapt eller skada materiale må du erstatte. Sjå satsar nedanfor.
  • For filmar og dataspel fylgjer biblioteket tilrådd aldersgrense på materialet.
  • Lånt materiale er til privat bruk, og bruk/avspeling skjer på eige ansvar.
  • Meld frå til biblioteket viss du endrar adresse, telefonnummer og e-postadresse.

 

Purring og erstatning

  • Biblioteket sender deg påminning om innlevering fire dagar før forfallsdato.
  • Biblioteket sender deg purremelding når forfallsdatoen på lånt materiale over overskride.
  • Vi sender tre purringar og deretter erstatningskrav.
  • Tapt eller øydelagt materiale må du erstatte etter innkjøpspris. Erstatningskrav knytt til fjernlån er etter satsane til eigarbiblioteket.
  • Leverer du materiale vi har sendt erstatningskrav på, kan du velje mellom å få materialet dersom du allereie har betalt eller gje materialet attende til biblioteket. Erstatningskravet blir ikkje ettergjeve.
  • Erstatningskrav blir sendt til inkasso viss du ikkje leverer materialet eller betaler kravet innan frista.

 

Tap av lånerett

Du mistar retten til å låne viss det er sendt erstatningskrav til deg. Då får du ikkje låne att før materialet er innlevert eller erstatningskrav er betalt.