Bøker, filmar, CD-ar og anna materiale som blir skada, må erstattast. Det er biblioteket som vurderer og avgjer når erstatning er naudsynt. Blir du merksam på at noko av materialet til biblioteket er skada, ber vi deg venlegast varsku før du låner.
Om du har fått krav om erstatning frå Sunndal kommune kan du ikkje kjøpe til nytt materiale. Då må du betale fakturaen. Men om du framleis har materialet tilgjengeleg, kan du levere det på biblioteket for å unngå å måtte betale rekninga. Dette må du gjøre innan 30 dagar frå rekninga vart sendt. Om det har gått lengre tid må kvar sak vurderast individuelt.
Tapt eller øydelagt materiale må erstattast etter innkjøpspris. Erstatningskrav knytt til fjernlån er etter eigarbiblioteket sine satsar. Du kan betale erstatning med Vipps i biblioteket eller du kan få tilsendt faktura, men då mot tilleggsgebyr.