Sommarles

 

Logoen til Sommarles - Klikk for stort bilde

Bli med på den kulaste lesekampanjen i sommar! Frå 1. juni til 31. august kan du som skal byrje i 1. klasse alle opp til 7. klasse, delta på Sommarles.no.

Sommarles.no er utvikla for å gjere lesing endå artigare for dykk. For kvar bok du les og registrerer på Sommarles.no, får du XP (poeng) og får etter kvart opp i level. Sommarles.no er for alle, uansett kor fort eller sakte du les. Du kan velje å lese vanlege bøker, ebøker, lydbøker, teikneseriar, eller du kan bli lese for av nokon andre – all lesing tel og gjev deg XP. Og sjølvsagt har vi premiar! Du kan få både kule digitale trofear til profilen din på nettstaden, og premiar som du hentar på biblioteket.

Sommarles.no er ein nettbasert kampanje. Det vil seie at du lagar ein eigen profil, registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og fylgjer med på kva venene dine les, alt på nettstaden Sommarles.no. Her får du òg tilgang til ein superspennande forteljing, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Sjekk ut altom.sommerles.no (eller Sommerles.no etter den 1. juni) for meir info.

Har du ikkje nettilgang, kan du likevel delta med eit vanleg lesepass. Då er det berre å stikke innom biblioteket for å få hjelp med det.

Til foreldre/føresette

Sommarles.no er ein nettbasert lesekampanje, utvikla i 2014 av Vestfoldbiblioteka, Vestfold fylkesbibliotek og Snuti AS. Sommarles.no er ein lesekampanje laga for å motivere born til å lese av eiga lyst. Det skal vere artig å vere med på Sommarles.no! Born som les jamleg i løpet av sommaren, opprettheld lesedugleikane sine gjennom ein lang ferie. Somme born les på fritida utan noko ekstra motivasjon, men vi veit òg at dei borna som ikkje gjer det, stiller med eit dårlegare utgangspunkt ved neste års skulestart. Vi vonar at dykk vil hjelpe oss med å motivere barnet dykkar til å vere med på Sommarles.no. Sommarles.no er ein flott lesekampanje uansett kor dykk skal feriere i sommar. Ta turen innom altom.sommarles.no for meir info – eller vitj biblioteket.