PC og trådlaust nett

Illustrasjonsfoto av bærbar PC - Klikk for stort bilde 

Vi tilbyder gratis tilgang til internett frå datamaskinene på biblioteket og via trådlaust nett.

 

Reglar for bruk av datamaskin for vaksne

  • Du kan nytte datamaskin so lenge du vil, men blir det kø må du byte viss du har nytta maskina over 30 minutt. Er alle maskinene opptekne må du vente.
  • Mat, drikke og snop er ikkje lov ved datamaskinene. Du kan ete andre plassar i biblioteket.
  • Tak omsyn til dei kring deg. Bruk hovudtelefon viss du treng lyd. Hugs å take dei av viss du skal tale med andre.
  • Nettstader med rasistiske ytringar, pornografi og vald er ikkje tillate.

Brot på reglane kan føre til bortvising frå datamaskinene.

 

Reglar for bruk av datamaskin for barn

  • Du kan bruke datamaskin éin time i løpet av ein dag, men blir det kø må du byte når du har brukt maskina 30 minutt eller meir.
  • Mat, drikke og snop er ikkje lov ved datamaskinene. Du kan ete andre plassar i biblioteket.
  • Ver snill mot dei andre som bruker datamaskinene og dei kring deg.
  • Treng du lyd må du ta med eigne hovudtelefonar.
  • Vidoar og nettstader med valdeleg, skremmande, trakasserande, diskriminerande eller seksuelt innhald er ikkje lov.

Brot på reglane kan føre til bortvising frå datamaskinene ut dagen eller lenger.

 

Trådlaus nett

For å få tilgang til det trådlause nettet på biblioteket koplar du deg til:

Nettverk: Bibliotek-Gjest
Passord: lesehest

 

Utskrift og kopi

Du kan skrive ut frå publikums-PC-ane i biblioteket. Skrivaren støtter berre utskrifter i svart/kvitt. Utskriftene kjem bak skranken, du må derfor kontakte dei tilsette for å få utlevert utskriftene. Kontakte dei tilsette må du òg gjere viss du treng ein kopi. Vi kan attestere kopiar viss du treng det.

 

Prisar

Utskrift og kopi A4 og A3 kostar kr 5,– per femte side
Skann kostar kr 10,– per femte side